Kategorier

Testar nye legemiddel på pasienten sine kreftceller

Kreftforeningen ynskjer å vise fram unge og talentfulle forskarar, og gi eit innblikk i mangfaldet av kreftforsking i Noreg. Denne veka har vi intervjua Jorrit Enserink, forskar ved Rikshospitalet i Oslo.

Enserink si forskningsgruppe. Jorrit Enserink er bakerst til venstre i blå skjorte.

– Eit av dei mest spennande eksperimenta vi utfører er å teste korleis kreftceller frå individuelle pasientar responderer på ulike legemiddel, fortel Jorrit Enserink.

Dei siste tiåra har ikkje prognosane for pasientar med blodkreft endra seg noko særleg, så målet hans er å gjere noko med dette. Pasientar med akutt myelogen leukemi (AML, ein av typane blodkreft), er svært ulike kvarandre. Likevel får dei aller fleste den same behandlinga.

Individuelle pasientar
– Ikkje alle pasientane har nytte av behandlinga dei får, og det er dessverre mange som ikkje vert kurert med det tilbodet som finnast i dag. Det er eit behov for å gi kvar pasient betre tilpassa behandling, fortel Enserink.

 

Mikroskopbilete av kreftceller

Cellene er fargelagt (raud, grøn og blå) for å vise ulike strukturar inne i cellene. Foto: Jorrit Enserink

Forskingsgruppa hans nyttar mykje tid og krefter til akkurat dette, og undersøker kva legemiddel som kan vere nyttige for å behandle ulike pasientar.

– Prosjektet er svært spennande fordi pasientane kan ha nytte av resultata våre innan ikkje så alt for lang tid, fortel Enserink.

– No er labben så stor at det er vanskeleg for meg å gjere eksperimenta sjølv, men både oppfølging, søknadsskriving og rettleiing av studentar er viktige oppgåver for meg. Mesteparten av tida mi går med til å sørge for at prosjekta våre går framover som dei skal, seier Enserink.

Nye strategiar for behandling av leukemi
Å forske på kva legemiddel som kan vere til nytte for eit fåtal pasientar er ikkje berre tidkrevjande, det er også utfordringar med å få legemiddelindustrien med på laget. Når eit firma vel å investere i eit nytt legemiddel, vil dei sjølvsagt vere sikre på at stoffet fungerer. Til dette trengs det store kliniske utprøvingar.

I forskinga til Enserink er målet å finne legemiddel som kanskje berre ein liten del av alle pasientane kan ha nytte av. Talet på pasientar er ikkje alltid høgt nok til å tilfredsstille krava frå legemiddelindustrien.

– Det er ei stor utfordring at krava til store studiar ikkje er tilpassa korleis nye, pasienttilpassa medisinar vert utvikla. Sjølv om berre ein liten del av ei stor gruppe har effekt av ein medisin, er det svært viktig å kunne gi desse medisinane til dei det gjeld, fortel han.

– Forskinga i labben min hadde ikkje vore mogleg utan økonomisk støtte frå Kreftforeningen, særleg ikkje eit slikt forskingsprosjekt som krev stor innsats over lang tid, avsluttar Enserink.

 

Jorrit Enserink er prosjektleiar ved avdeling for Mikrobiologi ved Oslo Universitetssjukehus. Kreftforeningen støtter fleire av prosjekta i labben til Enserink, mellom anna med midlar frå innsamlinga Krafttak mot Kreft i 2014. Målet er persontilpassa behandling for pasientar med blodkreft.
Heimesida til Enserink si gruppe. 

Fleire prosjekt støtta av Kreftforeningen